Wish me luck

09.12.2013
22:29

I morgon er det nemlig EKSAMEN! Eg gruar meg, samstundes som eg gler meg. Fordi når klokka har slått 15.00 i morgon har eg ferie i nesten ein måned. Det skal jaggu bli deilig skal eg seie deg. I klassen så skal vi prøve å lage ein tradisjon med at vi reiser ut den dagen vi er ferdig med siste eksamen. Då er planen eigentlig å reise direkte frå skulen og opp på vors, utan å reise heimom og sminke og bytte og anna stressandes ting som bare tar tid. Vi skal komme som vi er, og bare ha det kjekt og chille med gode venar. Det hørtest veldig mykje betre ut i hovudet mitt, enn det det gjore når eg skreiv det ned. Som sagt så er det eksamen i morgon, så då kjem eg ikkje til å få sove godt i natt. Diverre. Sånn er det alltid før eksamen, framføring eller prøve... Går heile dagen og bare å chillar hjernen etter ei veke med lesing, så kjem natta og eg tenker : "Oj, fudge, eg har ikkje lest nok..." Så får eg skyldkjensle og eg ikkje klarer å sovne før lang tid... Its gonna be a wounderfull night of eksamensnærvar!

 

 

Første aketur

07.12.2013
21:26

I dag har eg nok ein gong vert på ein liten tur på Fløyen. Men ein ting som var annerledes i dag var at det var SNØØØØ! Ahh, det var ein herlig deilig snødag (skulle gjerne ha vert meir kram snø, men klagar ikkje), vindstille, tørt og sol. Det er noko det ikkje har vert her i Bergen by på ei lita stund. Når systa stod opp i dag, fekk ho ein morro idé med å reise opp på Fløyen og ake ned igjen på akebrett. Så først var det å få tak i eit akebrett midt i sentrum i den saftigaste smørja med folk ein laurdag. Det var jo lettare sagt enn gjort. Tenk deg du har på deg mange lag med tjukkegenserar i tilleg til hue, vottar og ytterklede. Varmt skal eg seie deg! Når vi til slutt hadde fått oss tak i nokre rompeakebrett frå ein leikebutikk (som såg ut som ein hvalross), så var det strake vegen opp mot fløyen (då gjekk vi, tok ikkje Fløybanen visst du lurte). På vegen opp var det MAAAANGE andre som også hadde den samme idéen som vi hadde. Nemlig det å ake ned frå Fløen. Det var nokon av dei beste ansiktsuttrykka på alle som kjørte ned forbi oss som eg har sett i heile mitt liv. For eksempel ein som ikkje var sikker på om det gjekk an å kjøre slalom forbi to personar utan å kræsje i nokre av dei eller i rekkverket, men tok sjangsen på det alikavell. Eller ansiktsuttrykk som viste "Okai, ditta er litt for fort for komforsona mi, men faen så morro det er!!". Priceless!

Trur det har vert fleire hundre folk som var der oppe bare for å ake ned igjen + alle dei som går der kvar dag, og dei som går tur fordi det var ein fin dag.

Displaying IMG_20131207_143549.jpg

Her er eit bilete av meg på toppen, og er klar for å sigle ned alle bakkane som vi sleit med å komme oss opp. Uvant med snø vettu. Fekk også ein del hyglige komentara på hua mi i dag også, heheh.

Turen ned igjen var kanskje ikkje så morro som vi hadde forventa. Kanskje litt på grunn av at akebretta ikkje var av den store kvaliteten. Dei tålte ikkje akkuratt så veldig mykje. Min hadde blitt knekt i to før vi hadde komt oss heilt ned, og systa sin hadde fått eit stort hål i midten... Det var dagens skuffelse diverre. Trass i at akebretta blei øydelagde, så var det morro alikavell!

Det som var litt morro med dissa akebretta her, var at dei kunne settast saman slik at ein kunne sigle i tåg. Var ikkje så veldig effektivt, men tanken var god. Ditta var det mest spanandes som skjedde i livet mitt i dag. Værsågod! Sikkert veldig interesant å lese på... ^^

- Oda

Linjeveke.

03.12.2013
14:59

No har ei ny veke begynt og denne veka skal det vere linjefag heile veka; som vi då kallar for linjeveke. Vi får sove lenger og vi slepp valgfag. Eigentleg ganske greitt å ha linjeveke iblant, så vi får litt variasjon i løpet av året. I dag begynte vi med sminkekurs. Til våren skal vi ha ein musikal som er frå 60-talet, så vi lærte litt om sminke generelt og sminke frå den tida. Lærte ikkje så mykje, ettersom eg kunne 99% av det som vart sagt frå før av. Kjekt med repetisjon uansett! :-)
Etter lunsj i dag begynte vi med klassisk ballett. Det var ganske kjekt å ha det igjen sia vi ikkje har hatt det på ein god stund! Etter at vi hadde dansa ein god stund på barren (sjå bildet) så strekte vi ut. Og vi kjente det godt for å seie det sånn! No skal vi begynne å strekke ut meir (vi spurte læraren vår ganske fint om vi kunne gjere det) så no skal eg bli super mjuk. 

Det var ein sånn vi brukte, berre at våras er frittståande (dvs. ikkje fast på veggen).

Men no er det middag, så snakkast!

- J

Out of the bubble

01.12.2013
21:40

Eksamenslesing, eksamenslesing og eksamenslesing! Har ikkje eg gjort, men systa mi (eksamen måndag 2.12). Så eg har vigd dagen i dag på å få ho ut av eksamensbobla som innehalder stress av eksamen. Kan vere lurt å ikkje lese dei siste dagane, og bare slappe heilt av. Derfor har vi ikkje gjort på noko som har med lesing av noko slag i det heile.

Dagen i dag har eigentlig stort sett gått til å spele forskjellige spel. Byrja med kortspel ved frukostbordet, før ein som vi bur med spurte om vi ville vere med å spele Cluedo som vi sjølvsagt ville! Vi fant ut (+ ei venninde) at det kunne vere lurt å få seg litt frisk luft og litt mosjon, så då tok vi turen bort på Nordnes (ved Akvariet) der den beste disseplassen i Bergen er! Som diverre var opptatt... Det var ikkje fult så gøy.. Anyways, når vi var på veg tilbake fant vi ut at vi skulle innom ein café og drikke litt varm drikke. Der hadde dei sjakkbrett som gjekk an å låne. Vi som veldig mange andre er blitt bitt av sjakk basillen etter VM.

Her er eit bilete av systa og venninda som spelar eit parti med sjakk. Supert underhaldane å sjå på! <-- ikkje ironi btw. Då vi endelig kom tilbake på hybelen, så kom broren vår på besøk og vi byrja å spele Munchkin! WOHOO! Endelig til slutt så spelte vi enda meir kortspel.

Det var sikkert veldig intresant å høyre(lese) kva eg har spelt i løpet av ein dag, men sånn får det bare bli.

- Oda

Challenge accepted!

01.12.2013
17:02

Joda, må sei meg einig med Julie om at det er kjekt å lese kva dei andre driver med, og i den samanhengen blir det kanskje lett å tenke at det ein sjølv driver med ikkje er like spennande. Og det er det heller ikkje! Eg har i likhet med Oda flytta til Bergen for å gå på høgskulen for å studere noke so spennande og revolusjonerande som, wait for it; ?. Økonomi og administrasjon. Kvar gang eg fortel noken kva eg studera får eg den same rekasjonen; Blææ kjedelig. Så så spennande er det ikkje. Litt meir spennande var det kanskje å flytte ut av lille Gaular kommune og inn til den «store» byen Bergen. Her bur eg FYI i en liten boks på heile 20 (?!?!? luksus!!) kvadratmeter ved store Lungårsvann i dei nye studentheimblokkene til SIB. Fint er det, men dyrt.. Som alt anna ved å vere student. 

 
(My crib..awsm) bilde ville btw ikkje på noken måte ligge rett veg, så FK IT!

No for tida går tida til å lese (les: ikkje lese) til eksamen som nærma seg veldig. I motsetning til Oda er eg så heldig at eg har heile fire eksamena i steden for en, woopwoop. Ikkje får eg reist heim før 18 desember heller? Æsj skulle vel studert sånn barnehagegreier eg og =S Men det er sånn det går når ein ikkje klarer konsentrere seg om det ein skal og bare ser fram til heilt andre ting?

Det var ikkje så lett å skrive noke bra innlegg her likevel, men no har eg i alle fall prøvd :3 Men trenger jo ikkje vere så profesjonelt sida vi berre sikta til å oppdatere kvarandre :) + eg kunne sikkert skrive noke om turen min til Slovenia i oktober (koffor, korleis, kva skjedde osv. blablabla) om det er interessant men trur egentlig ikkje det er det. Rekna med det er sort of obvious =)

Elles, når kjem dåke folkehøgskulefolk heim igjen til jul? (Julie og Ingunn) =D Om mulig hadde det vore kjekt å funne på noke med alle sammen før eg reiser ut av landet 26 desember! 

-Ciao! 

Julie reporting in.

01.12.2013
12:30

Er alltid like kjekt å lese kva dei andre (dvs. Oda som er den einaste som har vore flink til å oppdatere so far) drive på med, så eg tenkte at eg like godt kunne skrive kva eg helde på med for tida. Eg går då altså på Ringerike Folkehøgskule som ligge i Hønefoss sentrum. Her går eg på danselinja, noko som er ganske kjekt og utfordrande. Vi dansar mange typar; klassisk ballett, jazz, moderne og hip hop. Eg skal faktisk til å bestille ein pakke med dansekle (til klassisk ballett) neste veke, så visst eg får tid skal eg vise dere korleis det ser ut på. Synst det er så fint! 

Her ser dere litt av danseklassen min (mangler 3 stk). Vi er ikkje så mange, men det gjer at klassen blir betre kjend med kvarandre og at det blir eit meir intimt miljø. Dette bildet er frå då vi hadde Disney-forestilling på skulen vår, der over 1000 barn kom og såg på i løpet av ei veke. Det var utruleg kjekt og ei flott erfaring. Vi er utkledd som dalmatinara, visst du ikkje skjønte det, haha! Heile showet varte i ca. 2 timar og vi hadde 14 forestillingar til saman i løpet av ei veke. Var sjukt stress med skift og sminke, men morsomt. Eg hadde til saman 9 skift der eg måtte skifte kle og sminke meg om. Gjekk fort i svingane for å seie det sånn!


Her ser dere sluttposeringa på eitt av nummera, Aladdin. 

Den veka som kjem no er linjeveke. Det vil sei at vi har linjefag heile veka (obviously) utan valgfag. Så då blir det dansing all day, every day! Kjem til å bli ein ganske slitsom veke med andre ord.

Men no har eg ein utfordring til Ingunn og Sara - å skrive kva dei helde på med for tida! Tar dere utfordringa?

- J 

KETTA, KETTA!

30.11.2013
15:13

Det byrjer å nærme seg advent og juletida byrjar for fult. Første advent er faktisk på søndag... Shit eg må byrje å finne julegåver til folk. STRESS!, men også litt koslig. Det er jo vanlig å ha ein eller anna type feiring med å tenne julegrana i byen eller bygda eller kva det no måtte vere. Som også Bergen har. Har alltid trudd at det var vanlig å tenne den første advent, men tydlig vis er det ikkje slik i Bergen. Dei skal nemlig ha tenning av julegrana (midt i lille  Lungegårdsvatnet). I tilleg til dette skal dei ha eit fakkeltåg og KETTA! (AKA: rakettar), og eit lite fakkeltåg. Akkuratt ditta må eg nesten få med meg sidan eg bur i storbyen no. Det byrjar faktisk om ein time. Kjem til å bli mykje folk.. Jaja, håper det blir koslig, og at eg kjem i julestemmning.
Måtte bare ha med eit bilete av Bergen by med rakettar. Tulla, det var ikkje Bergen. Det er eit random bilete av Fireworks frå google. Følte det måtte vere med.

Har du ein tradisjon med tenning av julegran i byen/bygda?

 

- Oda

Burde vert stressa ?

29.11.2013
13:52

Det er snart bare ein veke igjen til den første og einadte eksamenen eg har i detta semesteret. Det er faktisk på tirsdag. Men er ikkje litt stressa ein gong, veit ikkje om det er eit positivt teikn eller kva... gjenstår bare å sjå, og satser på at alt går bra. Akuratt no så sitter eg og Systa på studentsenteret i Bergen og begge leser til eksamen. Vertfall prøver. Det er ikkje alltid det er så morro å lese heile dagen, så då er det godt å ta eit lite avbrekk ifrå lesinga og gjøre noko heilt anna. Veit ikkje om eg har sagt det før, men familien min er veldig glad i å spele, mellom anna kort spel. Så då fekk vi ein ide til å kjøpe ein kortstokk på Studia (bokbutikk for studentar på blandt anna studentsenteretb), og kjøpe eit kakestykke og kose oss ei lita stund, før det vart tilbake til full eksamenslesing... no er eg diverre tilbake til ukonsentrert og ubruklig student... JOY! 

Hadde planar om å legge ved eit bilete, men sidan eg skriver på mobilen, så fekk eg tydlig vis ikkje lov til det... 

Har du noko du er stressa tilk?

-Oda

Ikkje som planlagt..

23.11.2013
19:47

Eh hehe.. Prøvde å lage noko nytt som dykk kanskje ser, ny header. Det førte til at ting eg ville behalde forsvant, obs. Sorry, prøvde bare å fikse den litt, var så lei av den gamle headeren at eg bare prøvde, men så faila eg BIG TIME! Men no har eg ikkje tid til å fikse på det, maybe I wil do it tomorrow ^^

Ein laurdagsoppleving

23.11.2013
16:51

I dag er det noko veldig stort som skjer. Vertfall for britane og ein spesiell fandom. Då snakkar eg om ein TV-serie som har pågått nesten like lenge som sjølve TV'en har eksistert, nemlig Doctor Who! Så i dag blir det sendt ein spesial episode som markerar dei 50 åra dei har heldt på. Mange land har fått lov til å vise denne spesialepisoden på lerrete i kinosalar. Lenge har både Bergen og Oslo prøvd å fått dette til å skje i byane, men uten hell. Diverre... Men så skjedde det forige veke at Volda og Oslo hadde fått det til at dei kunne vise, men ikkje Bergen (som eg bur atm). Då var alt veldig kjipt, og hadde planar om å reise ein spontantur til Oslo, bare for å sjå den filme. Ja veit, høyrest ut som ein crazy fan, men er vel kanskje det (and I don't mind!) Eit par dagar etterpå så sendte Systa mi ein snapchat melding med bilete av to billettar til Doctor Who i Bergen. Resten av dagen var eg nærmast i lykkerus på grunn av at dette er noko eg har gleda meg til i mange månader no. Så endelig i dag, så blir det tidenes kino oppleving EVER!

(Bilete henta frå Google)

Visst du ikkje har fått med deg er det ein Sci-Fi serie, der dei reisar gjønom både værdensrommet og tid. Høyrast litt spesi ut, det er det også, men det er SÅÅÅ verdt å sjå det! Meiner no vertfall eg ^^ Må bare lage meg litt middag, så blir det kino på meg ein laurdagskveld :)

Spørsmål: Har du sett denne serien? Kva synest du isåfall ?

Har foresten også vert rundt å vast i ein folkemengde nede i Bergen senturm i dag saman med Sara. Folk byrjar å bli litt stressa på grunn av juletida nærmar seg, slik at laurdagar er ikkje tida å gå rundt i senturm visst ein skal prøve å vere effektive. Bare eit lite tips.

 

- Oda

Byrjar å gå i surr

07.11.2013
19:35

Har alltid vert veldig glad i å teikne, men i det siste så har eg vert veldig glad i å teikne mønster. Byrjar å gå litt i surr. Akkuratt denne teikninga har eg dreve på med ganske lenge. Der alt skal bli teikna med ein slags tysj penn.

 



Her er eg kome litt lengre, men sitter litt stuck atm. Sooo, Il'l be sitting here drawing. Not doing homework... YEY, go study!

- Oda

Opp på toppen!

06.11.2013
18:27

Når ein tross alt bur i Bergen by, så bør ein jo av og til reise på nokon av fjelltoppane rundt om kring. Har vert på Fløyen eit par gonga før, men thats it. Så når vi hadde fri frå skulen i dag, så blei det ein tur på Løvstakken med systa og broren min.




Jau, her er då utsikta frå Løvstakken med Håkon og meg.

Eit lite tips, ha gode sko og ein vindtett jakke på når ein reiser opp dit. It's a bit windy.

Min første bloggfilm EVER!!!!! (Ohyes)!

05.04.2013
03:44

Ja, eg har då altso laga min første bloggfilm, der eg fortel om kva eg gjer på som gjer at eg aldri får tid til å skrive her (einaste grunnen til at eg har tid no er fordi eg er sjuk og får ikkje sove)!

ENJOY!! Eller ikkje...

PS: Sorry for den dårlege lyden... Og eg som liksom skal gå musikklinja...

 

 

Love,

Ingunn / ingejenta / heggeboe / Iggy (Almami<3<3) / pingu / pingvin / ignu / weirdo

Ready for take-off ?

13.02.2013
11:31

Hell yeah! I'm ready for take-off!! Eller, eg veit ikkje om eg har fått med meg alt eller noko som heeeelst.... Wee, gru-gledar meg med andre ord :) Håper eg har fått med meg det viktigaste.

Jaujau, 1stk klar for å reise til AFRIKA!! Avreisa byrjar frå Førde om ein ein time. OMG! Hehe, satsar på at det blir ein fantastisk tur!! Så snakkast me vel om 11 dagar.

- Oda

KAOS!!

10.02.2013
16:44

PFHH... Rommet mitt er eit reint kaos akkuratt no... Som sagt, så reiser eg til Afrika (Uganda) om få dagar, onsdag faktisk. Har eiegnltig ikkje heilt gått opp for meg enda faktisk. Så store delar av dagen har eg brukt til å pakke ned i kofferten. Eller rettare sagt, finne ut av kva eg skulle ha med... hehe, fliiink Oda! Jaja. Så no er eg ganske lei av å pakke, men pakkingen blir så mykje betre med bra musikk! Major Parkinson er diggbart btw! :D

Her er eit bilete av kaoset mitt. Ser faktisk ikkje så gale ut på bilete, men tru meg!, det var rotete. Satsar på at eg har fått med meg det viktigaste.

 

Her er eit bilet av forige veke på veg heim frå skulen. Det var så sinnssjukt fint vær og dødsfin snø ute, så eg måtte bare ta eit bilete. Hell Yeah!

 

- Oda

Dominion!

05.02.2013
21:48

Dominion er eit fantastiskt morsomt spel! Det er veldig vanskelig å forklare kva spelet går ut på, men med min fantastiske historie med å forklare ting på så går jo det fiiiint. LEETT!

OK, som du ser på bilete under så er det eit type kortspelt, der nokre er poengkort (den med høgast poengsum vinner) og andre er strategikort. Det er forskjellig spel frå runde til runde sidan at ein spelar med bare 10 (av 25 moglege) strategikor-bunkar om gangen.EHm, veldig kort fortalt men jah, Dominion! Tadaaa!

 

Her spelar eg DOMINIOOOON med søskena mine :)

 

Q: Veit du om nokre kule spel ?

-Oda

30 days challange!

30.01.2013
22:04

Fekk eit lite (finner ikkje kva ordet var...). Anyways. Eg har alså byrja med ein utfordring. Ein 30'dagars teikneutfordring, og byrja i dag. Ehhe, lurer på om eg klarer det though. Fant eit bilete på google for leeeenge sida, og bare lagra det i ein random mappe. Som eg då såg på igjen i dag. Så fekk eg bare lyst til å prøve meg på den utfordringa. So wish me luck!


Winter Wonderland

13.01.2013
21:03






Ut på tur idag fekk eg testa kameraet på mobilen (copyright!).
Relativt fornøgd vil eg seie. Blei så fasinert over snøen når den var sånn. Det var dagens random. 


-S




Since last time:

09.01.2013
16:14

Eg skjemst. Vi (altså meg, Sara og Ingunn) har gløymd bloggen. HALLO I LUKA LIKSOM. Kan ikkje akkurat sei at det har skjedd noko spesielt eller spennande då. Men sia eg kjede meg, så skal eg heller ta bilde for å vise min begeistring for det som har skjedd:

Eg blei 18 år (hurrahurra). Feirte med kjekk ungdom på lokal puben.

 

EG FEKK MEG IPHONE!! mad gangsta.

 

Har bestilt meg tur til Sharm El Sheik i Egypt (blir sjef). Sparekua mi fekk svi.

 



Har fått dilla på Justin Bieber sin sang "Beauty And A Beat". Begynne å lure på om eg er sinssjuk eller noke sånt.

 

Elles har det ikkje skjedd så mykje. Dette er vell det mest relevante og spennande som har skjedd i det siste. No må eg tilbake til øving til prøve i marknadsføring og entreprenørskap (prøve i morgon og på fredag), så snakkast om sånn 100 år eller mindre. Satse på mindre. Adios!

It is soon the time to decide!

08.01.2013
19:29

I dag har eg fått lov til å sove lenge. Det var jo bare snakk om ein time though, men alt hjelper når ein har snudd døgnrytmen på haue. Grunnen til at eg kunne sove litt lengre i dag, er på grunn av at vi var på ein type utdannings"møte". Veit ikkje heilt kva eg skal kalle det. Anyways, vi var nede på Sparebanken SFJ der det var ein mann som haldt eit foredrag der vi lærte meir om "frå utdanning til jobb". Vi fekk utdelt eit hefte som det var nokre oppgåver i som vi gjore undervegs. Eigentlig mest spørsmål om kven du er, kva vil du og slike ting. Lærte faktisk litt meir om meg sjølv når eg tenker meg om. Og det er jo bra.



Heftet som vi fekk.

Nokre av dei oppgåvene vi skulle svare på. Ein del av dei var utkryssnings oppgåver.


Stuff to do when I am bored... Måtte jo teste ut den nye pennen vi fekk^^

Sidan dette er det siste året mitt på VGS, så må eg snart bestemme meg for kva eg har lyst vidare i livet mitt (streeess!!). Men heldigvis så har vi 3 dagar denne veka som ikkje er vanleg skuledag, der vi har om utdanning og kva for type moglegheitar vi har. Det kan jo bli kjekt det, satsar eg på!

- Q:  Veit du kva du vil bli ?

 

 

- Oda

Sjukt sjuk.

19.12.2012
12:53

For ei veke sia klarte eg å få meg eit sår. Rettare sagt, 2.grads forbrenning på høgre armen min. Og korleis klarte eg dette? Eg rulla på ein omn. I søvne. Julie klare det umuli(g)e, eller kva? Det har gått ei veke sia då og heldigvis er såra på betringens veg. Det har slutta (nesten) å veske, men må fortsatt gå med bandasje. MEN - ikkje berre har eg ein brannskade. Eg er også forkjøla. Sjukt forkjøla. Nyse 24/7. Verste er jo at det venstre (og berre venstre) auge begynne å grine. Heilt ut av det blå. Ser ut som om noken har slått til meg, sia berre det venstre auget mitt er opphovna. Lol. 

Sånn ser eg ut når eg prøve å forhindre eit nys. Føle eg ser veldig fin ut når eg sitte sånn i klasserommet. 

I kveld er det forresten julebord med klassen, og eg glede meg bigtime! Skal bli superkoslig/kjekt, det har eg allereie bestemt meg for. Skal ha vors hos meg, så blir kjekt å sjå korleis det ser ut der etterpå.  

Kjenner eg blir arge!

13.12.2012
20:40

Som sagt så driver eg (Oda) med ein arkitektur oppgåve på skulen, og no driver vi med ein planteikning av huset vårt. Den er bare teit... vertfall min teikning. Eg er tross alt ein person som "likar" å gjøre ting komplisert for meg sjølv utan at eg veit det før eg ikkje kan snu. Det er noko ein kan bli virkelig frustrert av. Såh, for at eg skal få alt til å stemme til innleveringa i morgon, så måtte eg skippe trening i dag (not fun!!) for å bli ferdig. Arge! Det er ein overflod av papir her på hybelen... så eg skal faktisk dele eit bilete eller to av rotet mitt!

Men ein har jo då alltids musikk då, som hjelper meg med å fokusere meir, got to love it! 

 

Dette er also litt av rotet eg har foran meg som eg må bli ferdig med asap! Der alt skal vere riktig størrelser osv i ein målestokk på 1:50. YEEEY! Misunnar virkeleg meg sjølv.

 



Det vart veldig uklart bilete, men ein jo bare elske mobilkamera! <3

 

 

Q: Er du frustrert i dag?

Q: Får du også nokre rare sanga på spelelista di nokon gong ? Sanga som du ikkje har peiling på kvar kom ifrå ? - WTF, liksom! Kvifor er det ein Justin Bieber sang på spelelista mi?

 - Oda

 

 

Gift wrapping!

12.12.2012
21:26

No er det snart jul. Så då må ein begynner å pakke inn julegåvar og slikt. Det som er best med å kjøpe gåvar, er eigentlig å pakke dei inn (eller det beste er å gi gåven, elskar å gi gåvar). I dag gjekk eg litt rundt i Førde med ei i klassen min som heiter Sunniva Marie, og då fant eg nokre fine innpakkningspapir og litt andre kule stuff!



Yee, go instagram!

Fant eit supersøtt innpakkningspapir på bokbutikken med uglar på! Måtte bare ha den. I det siste så har eg samla litt på tomme fyrstikkesker slik at eg kan pakke dei inn, bare for å ha litt meir pynt på hybelen min. Det ser ikkje heilt klart for jul heilt enda, så julestemningen er ikkje der enda, men satsar på at den kjem!

 

 






OOH, btw ein av dei gåvene der er ein liten gåve til ein av dykk (Sara, Julie eller Ingunn!) Bare gled deg den som får den ^^ (mweheheh!)

Q: Har du julestemning?

Q: har du kjøpt julepresangar?

 

- Oda

Today at school!

12.12.2012
21:09

I dag var jo ein litt spanandes dag eigentlig, sidan det var den 12.12.12. som er den siste sånn spesielle dag vi nokon gong får oppleve. Det er litt trist eigentlig, men sånn er det bare. Eg har faktisk gjort slik som alle andre også har gjort i dag. Nemleg tatt bilete av klokka mi eller noko slik, så her får dykk sjå den fine klokka i klasserommet vårt, 12 minuttar over 12.Ja, den er litt feil trur eg. Men klokka på mobilen min er riktig i det minste, og den var 12.12. Såh, det får dykk bare leve med!




Men det var også noko gøy som skjedde på skulen i dag, utanom 12.12.12. 12:12 .... Yeah. Vi begynte å lære litt om forskjellige stoff, og korleis vi skulle finne forskjellen mellom dei med ulike metodar, der vi blandt anna såg på ein fiber ( ein "tråd" av eit stoff) gjennom eit mikroskop (det var litt fun though!). Men vi gjore masse andre ting som ikkje var så gøy + eit foredrag av læraren som var boring as hell!

Men SÅÅÅ fekk vi gjøre noko som var gøy. Vertfall nokon av oss. Vi skulle tra flammeprøve av dei forskjellige stoffa. Og flammer er alltids gøy for ein paroman. ( FLAMMME! <3 ) Vi skulle eignetlig bare ta ein og ein tråd her også, men eg og Even took it to the next lvl liksom! YEE! Tok heile stoff bitar, hehe, mykje gøyare! Det vart ganske så fint også! Finar i verklegheita btw. Dei to neste bileta er meg og Even som har det gøy og tenner på ein bit med bomull (trur eg det var?). HEHEH! Var fun!

 




Ja, som dykk ser, så tok vi litt av. Med alle fyrstykkene som vi brendte opp.

 




Det vart litt pretty til slutt då. Når det bare vart aske igjen. Synst vertfall eg!

 

Q: gjør du noko kult på skulen nokon gong?
Q: Tok du bilete av 12.12.12 12:12 ?

- Oda

 

In the future!

07.12.2012
09:21

Tenkte eg skulle skrive litt om kva eg driver på  med på skulen akkuratt nuh. Vi har eit fag i programfag som heiter Design & Arkitektur. Så vi har fått i oppgåve å lage drømmehuset vårt, som er litt morosamt. Så eg har då begynt å skisse i eit program på dataen som heiter "google scetchUp". Det er eit veldig bra gratisprogram, som ein kan designe hus og diverse stuff. Trur det skal også gå an å lage plan teikning også der, men har ikkje komt så langt.

Anyways, denne oppgåva har gjort slik at eg faktisk vurderer å bli arkitekt, men eg er jo så ubesluttsom til dei grader at eg sikkert ikkje har lyst til det alikavell om eit par dagar... Vertfall når vi skal til å begynne å lage modell av huset vårt i noko som heiter arkitekturpapp... Det er j*vlig skal eg seie deg! Not fun!! - Men kanskje, veit ikkje...


Her er eit bilete av korleis "draumehuset" mitt ser ut. Er litt for moderne for min personlege smak til å bu der liksom. Men eg ville bare utforske litt. Btw, så er ikkje dette den endlige teikninga. Skal teike inn litt fleire vindauger osv, så det kjem til å sjå litt annerledes ut. Forhåpentligvis til det betre... :D

Q: Har du nokon gong prøvd Google ScetchUP, eller liknades?
Q: Veit du kva du har lyst å bli?




You can go hard, or you can go home.

06.12.2012
12:24

No er eg endeleg ferdig med særemne og eg kan sei at det er fantastisk å ha sosiallivet tilbake! Eg har ein følelse av av denne månaden kjem til å bli bra. Min 18. bursdag nærmar seg med stormskritt (woopwoop!) og jula er heller ikkje så langt vekke - noko som betyr masse julemat! OG GAVER! Glede meg som ein unge. Har vore så ekstremt heimekjær i det siste, så har vore heime omtrent kvar helg sia turen til Ayia Napa i høstferien. Veit ikkje om det blir sprell i helga - enten reise eg til Eid (av alle plassa) eller til Bygstad. You can go hard, or you can go home. Passe bra i dette tilfellet. Hehe. Men no har eg ting eg må begynne å ordne, så bloggast!


le awkward me.


- Julie 

Martial Arts!

02.12.2012
22:12

Hehe, endelig har eg klart å gradere meg opp til rødt belte i TaeKwonDo, så kanskje det blir svart belte ein gong ? Det er lov å håpe :)

I helga har eg vert i Florø og gradert meg i den koreanske kampsporten TaeKwonDo (TKD). Det er ein slags prøve fysisk og psykisk test/prøve for dei som trenar, og ein blir bedømt av ein svartbelte. Det er fantastisk gøy, men og nervepirrandes. Vertfall når ein får vite at ein har nødt til å knuse gjennom ein treplanke... Men eg klarte det!! YEEEY! Det var ikkje med knyttneven btw, det var med "knivhanda" (vist på bilete nr 1) slik at ein eigenltig slår med lillefingeren. No som vi er ferdig med gradering, så skal vi endelig begynne på KAMPTRENING! Det er vertfall gøy! gledar meg som bare det :) Så kanskje det blir noko stemne på meg utover, kanskje :)

Heile helga har gått på å trene hardt, så no skal det bli godt å roe seg ned med ein varm dysj og ein kopp te før leggetid :D

Photo: Google

 

Bilete: Gradering #taekwondo #redbelt #rødbelte #tkd #wtf #martialarts #kampsport #gradering #a#little#proud #yoganim

Det nye beltet mitt!

Btw, det er første advent i dag, så ein må vel tenne eit lys!

Photo: Google

 

 

Q: Trenar du noko gøy ?

 

- Oda

Dead Memories.

25.11.2012
00:44

Sia skulen starta igjen, har eg berre fått meir og meir dilla på Slipknot. Og no er det favoritt bandet mitt. Eg har blitt så sjukt lei "mainstream" musikk (kall meg hipster) så har berre blitt meir av Slipknot og andre band i den sjangeren. I tillegg så er ein av dei, Corey Taylor, ganske fin eigentleg. Hihi. 

Veit det ikkje er så mange som like denne typen musikk, men eg tykkje den vertfall er meget bra! Også er det ofte ein "skjult" meining bak musikkvideoane og veldig gode teksta. Noke som eg vertfall tykkje er veldig bra. Det er vertfall ein stor forskjell frå musikkvideoane til f.eks. Nicki Minaj.. Grøss. For å avslutte innlegget med noke fint, versågod:

Corey Taylor ♥

 

 

- Julie

No er jomfrudommen tatt!

21.11.2012
22:56

Haha, det der høyrtest veldig feil ut, men det er jo sant! Dette er første gong eg skriver eit innlegg sidan vi starta opp bloggen igjen. Det er jo ein stund sidan, så eg unnskuldar meg med at eg har så mykje å gjere. Det er ikkje enkelt å vere ein hybelbuar som går musikklinja. Vi har mykje å gjere! Men det har sikkert dykk og...

Det eg gjer på for tida er øving til oppspel (heildagsprøve i hovudinstrument), drive med elevrådsarbeid, prøver, organisasjonsarbeid, osv... Som sagt mykje å gjere, og eg har det kjekt! Men eg saknar jo godjentene mine!  I tillegg er det jo mykje russestyr her òg sidan eg er med i russestyret, og vi må arrangere festar, pønske ut andre måtar å tjene pengar på og prøve å finne ut kva slags faenskap vi skal gjere mot førstissane til våren. Yeah! 

Denne veka er det jo Qfilm her på Sandane, og det jo kjekt. Ein kan kjøpe eit band for 100,- og då kan du sjå så mange filmar du vil under festivalen. Det er ganske nice. Til no har eg sett tre filmar i samband med Qfilm. Men det som suuuuuuuuge er at det er afterparty på fredag, og eg må heim på fredag for å gå på jobb på lørdag... Det var ikkje særlig kjekt for å seie det slik. Har søkt på ny jobb, så seinare får dykk kanskje eit innlegg med overskrifta: "Ingunn, bartender på Onkel Willy's Pub"!

 


Her har dykk eit bilete av meg som geipa!

Takk for meg! Det var koseleg å blogge for dykk!

- Ingunn

 

My first time!

20.11.2012
17:08

Jau, russetida nærmar seg, og då er det alltids gøy å sitte i russestyret (Y) Så i dag har eg og resten av russestyret på MoJo reist ned på Hafstad vgs. for å ha eit felles møte med russestyret frå Hafstad og Øyrane. Det var jo litt kos då, sidan vi kom fram til litt forskjellige ting angåande natt til 1.mai osv. Flinke vi var! Det var btw den første gongen eg hadde vert inne på Hafstad vgs. (grunnen til overskrifta)

 

Eller så driver eg å skriver på ein gym innlevering atm, så eg skulle søke på nokre bilete på google om livsstil og kosthold og litt forskjellig. Så kom det opp eit merkelig bilete når eg søkte på livsstil, og eg måtte bare dele det med dykk ^^

Heheh, lo litt for meg sjølv då. DÅRLEG HUMOR FTW!!

 

- Oda

[FourPieces]

[FourPieces] 19, Gaular
Vi er fire jenter fra den lille kommunen Gaular og vi bloggar om alt og ingenting!

Bla i bloggen

Søk i bloggen

Siste innlegg

Siste kommentarer

Widgets

Bloggurat

Design

Lenker

hits